Rolf Kristian Larsen (f. 1983) debuterte som dramatikar med L.I.F.E.G.O.E.S.O.N. på Det Norske Teatret i 2018, og same året blei han husdramatikar ved Dramatikkens Hus. To av stykka hans blei valde ut til Dramatikkfestivalen i 2019: Festivalen opna med musikkteaterstykket Solveig: ... peer aspera ad astra, som seinare hadde urpremiere under Peer Gynt-stemnet på Gålå, og avslutta med stykke nummer to: never / let go.
I 2020 hadde han premiere på bestillingsverket eggs 'n bakey for Vega Scene, basert på musikken til Sondre Justad, og i 2022 hadde han premiere på same teater med Robin faller, eit stykke basert på musikken til Cezinando.
Som skodespelar er han uteksaminert frå Statens teaterhøgskole, har vore tilsett ved Det Norske Teatret og Nationaltheatret og medverka i ei rekke filmar og seriar.
Om Galaxyland:
Galaxyland er ein absurdistisk satire om og med språket vårt, i møte med store og små utfordringar i verda i dag.
Korleis snakkar vi saman, kva definerer oss, og korleis kjem vi til sanninga viss alle andre omsyn enn sanninga får forrang?