Innleiande seminar for runde 12

Det innleiande seminaret til DUS runde 12 blei arrangert på Teater Innlandet helga 18.-20. september 2026. Hit kom instruktørar og representantar frå DUS-gruppene denne runden for å møte dramatikaren bak teksten dei har valt å jobbe med. Dette er andre gong at seminaret arrangerast på Teater Innlandet, som igjen tok imot DUS-arar frå heile landet for ei helg full av inspirasjon og teaterglede.

 

Målet med det innleiande seminaret er å gje DUS-gruppene ein kickstart inn i arbeidet med sin framsyning. Her får dei starte arbeidet saman med dramatikaren og andre som har valt same tekst. Dei får stille spørsmål om materialet og byrje prosessen med å utforske kva teksten kan romme.

 

Under seminaret fekk deltakarane også delta på to kurs, eit i karakterarbeid med Frode Gjerløw og eit i improvisasjon med Ørjan Svingen. Kurset til Gjerløw tok for seg ulike inngangar til å jobbe med karakterarbeid med ungdom, og arbeidet var inspirert av hans bakgrunn frå L’École internationale de théâtre Jacques Lecoq.

Improvisasjonskurset til Svingen ga deltakarane introduksjon i korleis improvisasjon kan brukast til å øve på lytting, samspel og å skape fellesskap. Her fekk alle delta for at instruktørane kunne bruke både oppgåvene og sine eigne erfaringar med dei i arbeidet med ungdomane og framsyninga.

Helgas underhaldningsinnslag var denne gongen teatersport, kor fire lag, beståande av fryktlause DUS-arar, kjempa om tittelen «Verdas beste improgruppe», til stor jubel frå publikum.

 

Vi i DUS takkar alle deltakarar og bidragsytarar for ei strålande helg på Hamar, og vi gler oss til å sjå alle dei flotte framsyningane som blir til frå dette arbeidet våren 2027!